Idé og visjon
Tornes Naturbarnehage er etablert med eit klart mål: å møte barna sine behov for omsorg og leik i lokalmiljøet. Då Hustadvika kommunestyre bestemte seg for å legge ned den kommunale barnehagen på Tornes frå 1. august 2025, mobiliserte bygda.
Foreldre, besteforeldre og lokalsamfunnet ønskte å bevare eit barnehagetilbod i nærområdet, og i september 2024 blei Tornes Naturbarnehage AS stifta som ein ideell barnehage. Vi er no i dialog med kommunen for å sikre nødvendige lokale og godkjenningar før oppstarten i august.

Vår visjon
Vi vil skape eit inspirerande og trygt læringsmiljø der naturen er den viktigaste arenaen for daglege aktivitetar. Ungane vil få muligheit til å utforske gjennom fysisk aktivitet, skaparglede og undring, samtidig som dei lærer å respektere naturens eigenart og verdi. Naturen sitt mangfald er også ein svært god basis for språkinnlæring, for forståing av matematiske begrep og ikkje minst - gir inspirasjon og materiale til kreativ utfalding. Vi legg stor vekt på grunnleggande verdiar som respekt, toleranse og solidaritet, som skal prege kvardagen i barnehagen.

Friluftsbarnehage
Som ein friluftsbarnehage vil vi nytte naturen aktivt i vårt pedagogiske arbeid. Ungane vil vere mykje ute, der dei kan utforske og lære om naturens mangfald. Gjennom leik i naturen og varierte utandørsaktivitetar vil dei utvikle motoriske ferdigheiter, samtidig som dei styrker sitt sosiale samspel. Naturen er ein god arena for læring og oppdaging, og vi ønskjer å styrke ei tidleg forståing for miljø og berekraft.

Vår pedagogikk
Vi nyttar ein Montessori-inspirert pedagogikk for å støtte barna si utvikling. Gjennom tilpassa aktivitetar og eit inkluderande fellesskap, vil vi bidra til at barna blir nysgjerrige, ansvarlege og sjølvstendige individ. Tornes Naturbarnehage skal vere ein stad der alle barn, uavhengig av bakgrunn, kan utfalde seg og skape gode minne i sitt eige nærmiljø.
Bakgrunn
Det er eit stort engasjement i bygda for fortsatt å ha barnehage på Tornes etter at den kommunale barnehagen blir nedlagt frå august 2025. Som resultat blei det raskt danna ei interessegruppe som i september 2024 stifta Tornes Naturbarnehage AS. Barnehagen skal vere ein ideell barnehage som ivaretar ønsket om at barna skal vekse opp i sitt eige lokalmiljø.

Kva er ein friluftsbarnehage?
Ein friluftsbarnehage er ein barnehage der naturen blir aktivt brukt som læringsarena og ramme for kvardagen. Ungane tilbringer store delar av dagen ute og deltek i ulike aktivitetar som leik, utforsking og læring i naturen. Målet er å fremje barna sine motoriske ferdigheiter, kreativitet og interesse for naturen, samtidig som dei får oppleve samarbeid, samhald og trivsel i friluftslivet. Naturen er også ein god læringsarena for språkutvikling, forstå samanhengar og legg eit godt grunnlag for å meistre livet.
I ein friluftsbarnehage er aktivitetane varierte og tilpassa årstidene. Om hausten kan ungane for eksempel gå på sopp- og bærturar, medan vinteren byr på skileik og snøaktivitetar. Våren og sommaren gir moglegheiter for å oppdage flora og fauna, og ungane lærer om dyr, plantar og insekt. Samstundes lærer dei miljømedvit og får ein forståing for korleis ein kan ta vare på naturen.
Det pedagogiske opplegget i ein friluftsbarnehage byggjer på prinsipp om leik, læring og omsorg. Ungane blir oppmoda til å vere nysgjerrige og utforskande, og personalet legg til rette for at dei skal kunne utvikle seg gjennom praktiske erfaringar i naturen. Gjennom dette opplever ungane gleda ved å vere ute, samstundes som dei får ei heilskapleg utvikling som inkluderer både fysisk, sosial og kognitiv vekst.

Kva er ein montessoribarnehage?
Ein montessoribarnehage er ein barnehage som følgjer Montessori-pedagogikken, utvikla av Maria Montessori. Denne pedagogikken legg vekt på at barn skal lære gjennom eigenaktivitet, utforsking og praktisk erfaring. Barna får fridom til å velje aktivitetar innanfor eit strukturert miljø som er tilrettelagt for å fremje sjølvstendig læring og utvikling. Dei får tilpassa oppgåver som er tilpassa deira eigen utviklingsnivå og interesser, noko som bidreg til å styrke sjølvkjensla og motivasjonen for læring.
I ein montessoribarnehage er pedagogen si rolle å vere ein veiledar og observatør. Læraren legg til rette for eit læringsmiljø der barna kan jobbe sjølvstendig, både åleine og i grupper. Materiellet som blir brukt er nøye utvalde for å støtte opp om ulike utviklingsområde, som språk, matematikk, praktiske livsferdigheiter og sensorisk utvikling. Gjennom denne tilnærminga får barna høve til å utvikle seg i sitt eige tempo og lære av eigne erfaringar, noko som legg grunnlag for livslang læring og nysgjerrigheit.