Barnehageplass

Tornes Naturbarnehage AS har som målsetting å opne dørene 1. august 2025. Sjølv om barnehagen ikkje er i drift enno, oppmodar vi interesserte foreldre til å skrive seg på ei uforpliktande interesseliste. Dette vil hjelpe oss å planlegge betre og sikre at vi kan tilby plass til alle som ønskjer å vere ein del av vårt unike og inspirerande læringsmiljø.


Tornes Naturbarnehage har søkt om godkjenning frå Hustadvika kommune, og ventar på behandling av søknaden i slutten av mars. Barnehagen vil derfor ikkje rekke å vere formelt godkjent innan fristen for det ordinære barnehageopptaket den 15. februar.

Vi vil gjennomføre eit eige opptak når barnehagen er formelt godkjent av kommunen. Fordi vi på noverande tidspunkt ikkje kan garantere at det blir oppstart frå august 2025, tilrår vi familiar om å søke plass i ein anna barnehage i det ordinære opptaket i februar. Denne plassen kan seiast opp når de får bekrefta plass i Tornes Naturbarnehage.

Familiar som ønsker barnehageplass i Tornes Naturbarnehage frå august 2025 må ta direkte kontakt med barnehagen for å søke plass. Det blir lagt ut søknadsskjema på denne sida så snart barnehagen blir formelt godkjent.