Ein oppvekst i nærmiljø og natur

Vi trur på at ungane lærer best gjennom å utforske og oppleve naturen, derfor vil vi vere mykje utandørs. Vårt pedagogiske opplegg skal vere inspirert av montessoripedagogikken, som fokuserer på å la ungane vere aktive og sjølvstendige i si eiga læring.

Tornes Naturbarnehage er framleis i planleggingsfasen, med mål om oppstart i august 2025. Barnehagen skal drivast som ein friluftsbarnehage, der storparten av aktivitetane skal gå føre seg ute i natur og nærmiljø.

Den kommande barnehagen på Tornes skal ligge i eit flott naturområde, med nærleik til skog, sjø og fjell.

Første godkjenning på plass

Tornes Naturbarnehage fekk godkjend søknaden om førehandsløyve til driftstilskot i kommunestyret den 27. mars. Første hinder på vegen mot barnehage er dermed passert.

Det er likevel ein del att å gjere. No jobbar vi vidare med å få kjøpt dei tidlegare lokala til den kommunale barnehagen, som skal leggast ut for sal så fort som råd. Vi skal videreutvikle den pedagogiske planen og førebu tilsetjingar! Følg oss på Facebook for jamlege oppdateringar.

Natur, friluft og montessoripedagogikk

Tornes naturbarnehage skal vere ein friluftsbarnehage. I nærmiljøet har vi rik tilgang på spennande turområde, med naturleikeplass og gapahuk.

Barnehagen er inspirert av montessoripedagogikken. Gjennom leik og utforsking legg montessoripedagogikken grunnlaget for trygge og sjølstendige barn.

Kontakt

Tornes Naturbarnehage AS

v/styreleiar Borghild Drejer

tornesnaturbarnehage.no

Tornes

(+47) 410 31 611

Org.nr: 934871243